RAPPORT FRÅ EI UTGRAVING:

Bakgrunn for granskinga

Tidlegare granskingar og funn
Litt om landskapet funna ligg i
Granskinga sommaren 1999
- metode - litt om tekniske ting
- lagdelinga
- 14862 funn
- tolkingar

- - eldre steinalder

- - yngre steinalder

- - bronsealder/jernalder

- litt om funntilhøva

Lesestoff
Legg til data i Miljølæres kulturbase

 

austevoll

Dei nye funna på Haugland

Bakgrunn for granskinga

Tidleg om sommaren 1999 vart det sett i gang utgraving på Haugland nord på øya Hufto i Austevoll kommune. Arbeidet kom istand fordi Statens Vegvesen skulle lage ny riksveg, Rv. 546 mellom Huftarøy og Hundvåkøy. Men det låg ein buplass frå forhistorisk tid på staden der vegen skulle ligge. Det vart bestemt at buplassen kunne gravast ut og vegen byggjast. Buplassen vart kalla lok.4. Det var Live Johannessen som arbeider hos Bergen Museum, Arkeologisk avdeling som grov ut buplassen frå 26.april til 3.juni 1999. Her skal du få lese litt om kva ho fann.

Lok.4 skulle vise seg å vere ein svært funnrik buplass. I alt 14 862 funn vart gjort her. Funna strekkjer seg over ein lang periode av forhistoria vår, frå jernalder til den eldste delen av steinalderen. Funn som er verdt å nemne er mellom anna de fire tverrpilene, fiskesøkkene i kleber, kleberperlene og den vakre snorstempelornerte keramikken.