Dei nye funna på Haugland
- lagdelinga
Både under registreringa og forundersøkinga vart det funne kulturlag
på lok. 4. Difor vart det også som tidlegare nemnt bestemt å grave stratigrafisk.
"Stratigrafisk lag" tyder lag som ein kan sjå skiller
frå kvarandre.
Følgjande stratigrafiske lag vart avdekka:
Lag 1 og 2 - Torv og humusholdig masse
Lag 3 - Brun sandhaldig grus med noko organisk innhald, trekol forekom
nokre stader, særleg midt på feltet
Lag 4 - Utgår
Lag 5 - Rødleg sand med trekol
Lag 6 - Mørk gråsort trekolhaldig sand med noko organisk innhald
Lag 7 - Mørk brun sand med trekol
Lag 8 - Grov grus, i prøverute, innehaldt inga funn
Lag 9 - Grov grus i hovudfeltet
Lag 10 - Rødbrun sand med trekol
Desse laga håpa ein skulle vise seg å kome fra ulike
tider av forhistoria. Dette skulle vise seg ikkje å vere tilfelle
som du skal få sjå.
|