Dei nye funna på Haugland
Litt om landskapet funna ligg i
Buplassen på Haugland, kalla "lok. 4" av arkeologane,
låg i eit område prega av lyngkledte bergknattar, det var myrete
her, tett einerkratt og einskilde små rognetre og eit større furutre.
Sjølve lokaliteten ligg i skrånande terreng, mellom 14 til 16
meter over havet. Mot sjøen i sør og sørvest skrånar terrenget
ytterlegare. I nord og nordaust er lokaliteten skjerma av ein bergrabb
og i vest ligg ein bergrygg som skjermar buplassen for vær og vind. Mot
aust og søraust fell terrenget ytterlegare mot ei lita bukt der
ein straumførande kabel går ut i sjøen.
|