Menneske og samfunn.
Båten
Frå jernalder har me mange båtfunn. Desse båtane vart laga av tre. Nokre
båtar er små medan andre er svært store. Dei vart både rodde og førte
med segl. I vikingtid hadde dei båter som måtte ha opptil 60 mann for
å kunne ro han. Den gamle vikingkongen Olav Tryggvason hadde eit slikt
stort skip som vart kalla Ormen Lange.
Båten har alltid vore viktig her på Vestlandet. Langsmed kysten vår er
det mange øyer og nes som det er vanskeleg eller umogleg å kome til om
du skal gå. Med ein båt sparer du mykje tid og kan nå fram til plasser
som elles ikkje er tilgjengeleg for deg.
|