Menneske og samfunn.
Keltarane
Keltarar er namnet på ei samling stammer eller folk som haldt til nede
i Europa i hundreåra før Kristi fødsel. Dei var ofte i krig, og ofte med
kvarandre også. Keltarane kende kunsten å lage jern. Det
var av dei at folka som budde her i Norden lærte seg å lage jern.
Den fyrste delen av eldre jernalderen kallast keltertid eller førromersk
tid og strekkjer seg frå år 500 før Kristus til år 0.
|