Menneske og samfunn.
Merovingarane
Nokre av funna me har i Noreg frå tida mellom 550 og 800 er svært like
funna frå frankisk område. Det gjer at denne tida vart kalla opp etter
kongeslekta som regjerte i Frankerriket om lag på den tida, merovingarane.
I merovingertida var dei flinke kunsthandverkarar og smedar, kammakarar,
båtbyggjarar. Nokre av funna frå den tida er svært vakre. Dette våpensettet
er funne høgt oppe i fjellet i Lærdal nær grensa til Hallingdal ved eit
fjell som vert kalla Halldalsnosi.
|