Menneske og samfunn
Keltarane
Romarar og germanarar
Folkevandringar
Merovingarane
Personnamn
Stadnamn
Runeskrift
Båten
Oppgåver

Menneske og samfunn.

Romarar og germanarar

Romarane haldt til i Italia kring år 0 til år 400 etter Kristus. Dei la under seg meir og meir land i tida kring Kristi fødsel. Mange folkegrupper vart del av det romerske riket. Romarane bygde opp eigne landsbyar med militærleirar, sjukehus, vakre villaar, vegar og så vidare i dei landa dei erobra.

Folka som budde i Noreg vart kalla germanarar av romarane. Dei vart aldri ein del av det romerske riket. Grensa mellom romarar og germanarar gjekk i Danmark og i Nord-England.

I Noreg finn arkeologane ein del flotte gjenstandar som er romerske, men ikkje heil landsbyar. Desse gjenstandane har dei fått tak i gjennom handel og bytting.