Menneske og samfunn.
Folkevandringar
Frå år 400 til år 550 etter Kristus vart Romerriket svakare og svakare.
Då nytta germanske stammer høvet til å vandre inn over den romerske grensa,
og etterkvart gjekk Romerriket i oppløysing.
Nye riker vart skapte og nye kontakter vart knytta. No vart til dømes
England danna av anglarane og frankarane danna Frankerriket.
Arkeologane kan sjå at folka i vårt land hadde kontakt med desse rika
for dei finn flotte gjenstandane i gravene frå den tida.
|