Menneske og samfunn.
Stadnamn
Namnet på gardar og plasser kan seie oss noko om kva tid folk byrja busette
seg der.
Dei eldste stadnamna er henta frå naturen. Det er slike som Berg, Vik
og Haug. Nokre av desse kan vere frå bronsealderen. Kanskje er dei namna
som er sett saman av fleire stavingar like gamle. Det er slike som Leirvik
og Sandeid.
Namn som slutar på -vin og -heim er truleg frå eldre jernalder. Medan
dei som sluttar på -land, -set, -stad og -tveit høyrer til i yngre jernalder.
|