Busetnad.
Steinslandssåto i Ølen
På fjellet Steinslandssåto i Ølen i Hordaland ligg ei bygdeborg.
Den er ikkje lett tilgjengeleg for folk, og det var kanskje og meininga!
På tre sider er det bratte stup, berre på den eine sida er det mogleg
å koma seg nokolunde lett opp. Derfor var det naudsynt for folk å byggje
ein mur for å gjere denne tilkomsten vanskelegare. No er muren rasa saman,
men framleis kan han sjåast som ein lang steinhaug.
Innanfor muren ligg ei røys med stein. Han som undersøkte røysa, trur
dette kan ha vore stein som er samle for å ha som kastestein, dersom fiendar
skulle prøve å ta seg opp i borgen.
På toppen av knausen er det to flate parti. Her finst det ruiner etter
seks hus. Det tyder på at det kunne vere mange menneske her på same tida
Her er og eit oppkome med vatn, så dei kunne bu her ei god stund!
|