Kva levde dei av?
Kva åt dei?
Korn og jordbruksprodukt hadde no lenge vore kjend, og var ein viktig
del av menyen. Men fleire deler av Vestlandet er ikkje så godt egna for
jordbruk. Likevel levde folk gode liv her. Det gjer at arkeologane meiner
at fiske, jakt, fangst og sanking har vore minst like viktig som dyrking
og husdyrhald her på Vestlandet.
Det dei fanga, samla og fisk var etterspurt både i Noreg og i andre land,
slik at det var lett å selje det. Då fekk dei pengar, korn eller andre
ting i bytte. Alt dette i saman gav ein god og variert kost dersom me
tek med at dei også nytta ville planter og vekster.
|