| Kva levde dei av?
Graving, raking, salting, tørking, røyking Men også tilreiing av maten syner lange tradisjonar. Fisk, kjøt og bær 
        vert fort øydelagd etter at dei er fanga eller hausta. Då vert dei fort 
        angripen av bakteriar. Koking og steiking drep bakteriane. Men om ein vil spare maten til seinare, 
        må ein gjere noko anna. I dag nyttar me kjøleskåp og fryseboks til dette. 
 Salting og tørking av kjøt og fisk er ein lur måte å behandla mat på 
        slik at den held seg lenge. I dag et me både pinnekjøt, spekeskinke og 
        klippfisk som er salta og tørka for at det skal halde seg lenge. Elles brukar dei i dag metodar som graving, raking og røyking av kjøt 
        og fisk. Dette er metodar som truleg er svært gamle, men me veit ikkje 
        kor gamle.     |