Busetnad.
Stølshus
Om våren og sommaren tok dei kyrne med seg til fjells for å beite akkurat
slik som dei gjer det i dag mange stader. Då vart folka med til fjells.
I byrjinga var det vanleg å nytta ein heller til å bu i. Seinare bygde
dei eigne stølshus.
I fjella på Vestlandet finst det mange ruinar etter desse husa. Dei er
ofte forma som ein hestesko. Denne ruinen ligg høgt oppe i fjellet inne
i Jostedalsbreen Nasjonalpark i Indre Sogn. Me veit ikkje sikkert kva
tid den er frå.
|