Litt om gardshusa
Om andre hus
Fjæremannstufter
Hjartøy
Stølshus
Hellerar
Bygdeborger i tilfelle ufred
Steinslandssåto i Ølen
Oppgåver

Busetnad.

Litt om gardshusa

Sjølve gardshuset frå jernalder kallar arkeologane for langhus. Det er fordi nokre av desse husa var opptil 50 meter lange.

I nokre av langhusa var det laga til plass både for dyr og menneske, men ikkje i same romma. Dyra budde i den eine delen og menneska i den andre.

Midt i rommet i den delen der folka budde, var ein eldstad. Der laga dei mat, men elden gav også lys og varme. I taket var ein opning der røyken kunne sleppe ut. Dei brukte ikkje skorstein på den tida.

I den delen av huset der dyra budde, finn arkeologane eigne båsar langsetter veggane til kvart dyr akkurat slik som i moderne fjøs. Det var ikkje eldstad inne hos dyra.