Busetnad.
Bygdeborger i tilfelle ufred
I Noreg finst omlag 300 bygdeborger spreidde over heile landet. På Vestlandet
finn me mange av desse. Bygdeborgene vart bygde på høge, bratte toppar
der det var vanskeleg for nokon å snike seg innpå dei. Truleg var dei
laga til ulike tider i eldre del av jernalderen, men nokre er og frå bronsealderen.
Bygdeborgene var kanskje tilfluktsstader og forsvarsanlegg som vart nytta
i ufredstid. I folkevandringstida var det store folkevandringar i Europa,
og urolege tider her heime også. Arkeologane trur nokre av borgene vart
laga i denne tida for at folka kunne flykte opp i borgene dersom fienden
angreip.
Denne fjelltoppen ligg på Tysnes i Sunnhordland, og heiter Slottet. Her
oppe ligg restane etter ei bygdeborg.
|