Planter til mat og medisin
Vilt og fisk
Utstyr til fangst og fiske
Kva åt dei då?
Oppgåver

Kva levde dei av?

Kva åt dei då?

Folk budde langs kysten, derfor var det naturleg at dei nytta fisken i havet. Dei samme artane som finst i dag, fanst også i eldre steinalder. Det var både laks, torsk, sei osb.

Visste du at dei truleg fanga sel og kanskje ein og annan kval? Me finn i alle fall spor etter slike havpattedyr på buplassar.

Elles er havet rikt på skjel og sniglar som smakar svært godt og som er lette å få tak i.

På land streifa hjorten i låglandet, og på høgfjellet kunne dei jakta på reinsdyra. I tillegg fanst det mindre vilt som rype, hare, røyskatt og oter. Fugleegg var ein viktig del av folk si næring.

Dei kokte maten sin i groper i bakken. Desse fylte dei først med glovarme steinar. Så la dei maten nedi, og dekte så til med fleire steinar. På toppen la dei eit lag jord slik at varmen skulle halda seg nede i gropa. Det tok nok litt tid, men trur du ikkje dei hadde tid å vente?