Planter til mat og medisin
Vilt og fisk
Utstyr til fangst og fiske
Kva åt dei då?
Oppgåver

Kva levde dei av?

Planter til mat og medisin

Planteføde var viktig i eldre steinalder! Alt sidan isen drog seg attende hadde steinalderfolk eit stort matfat til rådvelde. Det var urter og planter av ulike slag.

Sopp finst det mykje av i dag og det fanst det mykje av i eldre steinalder også.

hassel bringebær jordbær

Hasselen kom saman med menneska til landet vårt, for steinalderfolket hadde med seg nøttene som er kimen til dei nye trea. Hassel har fine nøtter som både smakar godt og er svært næringsrike.

Villbringebær kom til våre kantar allereie før menneska sette sin fot her. Her fanst også jordbær. Bær er godt og næringsrikt, men dei kjem jo berre ein gong i året. Det er litt synd, synst du ikkje?

Jordnøtt har søte og gode røter. Dei smakar nesten som kokos.

Raudalge har vore kjent som ein delikatesse eller snadder i lange tider. Denne algen veks langs heile kysten av Noreg. Det finst også noko som heiter sjøsalat. Det smakar som salt salat, og er riktig godt.

Burot har gjennom tidene vore kjent som eit middel mot sott, feber, gikt, pest, vonde ånder, hekser og anna som kan plage eit menneske.