Kva levde dei av?
Vilt og fisk
Dei første menneska kom til landet vårt fordi dei følgde etter reinen,
og reinen følgde etter isen nordover etter kvart som han smelta. Det har
alltid vore mykje rein her nord, og dette var viktig mat for folka i steinalderen.
Men det er også funne bein av mange andre dyreslag, som hjort, villsvin,
fjordsel, bjørn, elg, oter, mår og røyskatt, gaupe, bever, hare, ekorn,
ulv og rev. Av alle desse dyra fekk dei kjøtt, men også pels og skinn
til å halde varmen i kalde vinternetter.
Mange fugleartar var å finne her rett etter at isen forsvann. Geirfuglen
er no utdøydd, men det var mykje av dei før. I tillegg til å ete kjøttet,
var eggsanking viktig.

Frå sjøen henta folk sel og fisk. Stundom kunne ein kval strande eller
gå seg fast i ei vik. Hummar og krabbe må ha vore etterspurde den gongen
òg. Skjel og havsniglar er god mat.

|