Kva levde dei av?
Utstyr til fangst og fiske
Kan ein ta fisk med berre nevane? Vanlegvis ikkje, folk måtte ha noko
å fange både fisk og dyr med.
Fiske gjekk truleg føre seg med snøre av tarmar med ein fiskekrok i enden.
Dei hadde nok også ruser til fisking. Dei hadde òg fine spyd som kunne
nyttast.
Pil og boge var dei vanlegaste reiskapa nytta i jakt. Ei pil er effektiv
på kort avstand, og kan trengje gjennom kva det skal vere. Men me kan
også tenkje oss at dei nytta gift på pilspissane for å gjere dei meir
effektive. Det er vanleg blant folk som jaktar med pil og boge i dag.
Kva gift dei kan ha nytta i steinalderen, veit me ikkje.
Dyregraver finn me på fjellet. Ei dyregrav er ei vid og djup grop som
dyra skulle falle ned i. For at dei skulle gjere det så var det sett opp
steingardar eller gjerde som skulle leie dyra fram til gropa. I botnen
var det sett opp spisse staurar for å drepe dyret.
Feller og snarer vart truleg også brukte, men dei var laga av slikt materiale
som no er rotna vekk.
|