Gamle gardshus på AureKor stor har garden vore? Busettinga på Aure kan gå langt attende i tid. Arkeologane har funne spor etter steinalderfolket, men så langt manglar dei spor etter fast busetnad frå den tida. Så det er lite dei veit om plassen så langt attende i tid. I bronsealder kring 800 før Kristus var her fast gardsbustnad på Auregarden. Garden omfatta nok også meire land enn det han gjer i dag. Truleg var også gravene på Aursneset del av garden. Arkeologane trur at Auregarden strekte seg heilt frå Aursnes i vest til Andestadvatnet og opp Aurdalen til Sunndalen! Dette er eit stort område. Men den gode åkerjorda i Auremarka var nok likevel kjernen i busetnaden. Men etterkvart vert også denne garden delt opp. Det kan arkeologane sjå utfrå gardsnamna. Gardane Eidem, Andestad, Grepstad og Haugset har endingar som tyder på at dei vart skilde ut som eigne gardar i vikingtida; -heim, -stad og -set.
|