Kvar ligg Aure?
På leit etter spor
Ein gamal kyrkjestad
Gildehallen på Helsesentertomta
Dei gamle husa på Blinkentomta
Groper til matlaging og til avfall
Gravene på Aursnes
Kor stor har garden vore?
Kan kulturminnet besøkjast?
Kontaktpersonar
Lesestoff
Legg inn data i Miljølæres database

 

sykkylven

Gamle gardshus på Aure

Groper til matlaging og til avfall

I forhistoria vart maten varma over open eld eller i groper i bakken. På Aure fann arkeologane mange restar etter matlaging. Det vart funne mange eldstader både inne i og utanfor husa. Men det var også funne mange groper. Nokre var til koking og andre var til avfall.

I nokre av gropene vart det funne trekol og også steinar som hadde vore utsett for sterk varme. Det tyder på at gropa vart nytta til koking. Då vart mat og glovarme steinar lagt ned i gropa. Så vart maten kokt i varmen frå steinane.

Men nokre av gropene hadde korkje steinar eller særleg mykje trekol. Men her vart det funne brun jord. Slik jord vert danna når avfall rotnar. Det gjer at arkeologane trur at desse gropene kan ha vore avfallsgroper.