Kvar ligg Aure?
På leit etter spor
Ein gamal kyrkjestad
Gildehallen på Helsesentertomta
Dei gamle husa på Blinkentomta
Groper til matlaging og til avfall
Gravene på Aursnes
Kor stor har garden vore?
Kan kulturminnet besøkjast?
Kontaktpersonar
Lesestoff
Legg inn data i Miljølæres database

 

sykkylven

Gamle gardshus på Aure

På leit etter spor

Då arkeologane kom til Aure i 1989 var ingen kulturminne synlege over markflata. Men her var store flater med dyrka mark, Auregarden var også kjend som kyrkjestad i mellomalderen og her fanst gravrøyser i nærleiken. Desse tinga tilsaman gjorde at arkeologane valde å bruke gravemaskin på leit etter gardshus då dei starta arbeide på Aure.

Synst du det høyrast brutalt ut? Her kan du lese meir om dette.

Og her får du litt meir bakgrunnstoff.

Matjorda vart varsamt greve fram over eit stort område. Då kom det fram spor etter busetnad. Dei avteiknar seg som svarte avtrykk i den raudbrune sand- og grusen. Her kom det fram husstolper, eldstader og ulike groper til å bearbeide mat i.