Kvar ligg Aure?
På leit etter spor
Ein gamal kyrkjestad
Gildehallen på Helsesentertomta
Dei gamle husa på Blinkentomta
Groper til matlaging og til avfall
Gravene på Aursnes
Kor stor har garden vore?
Kan kulturminnet besøkjast?
Kontaktpersonar
Lesestoff
Legg inn data i Miljølæres database

 

sykkylven

Gamle gardshus på Aure

Gildehallen på Helsesenterettomta

Då markoverflata var grove fram med gravemaskin, vart han reinska pent opp av arkeologane. Då kom det fram nokre svært store og kraftige markeringar. Det var fleire stolpehol som var både ein og to meter i tverrmål og 70 til 90 cm djupe. Dette er enormt stort! Det er dei største stolpehola som er funne i Skandinavia. Stolpen som eingong stod her var omlag einhalv meter i diameter.

Huset som stolpen stod i var kanskje mellom 40 og 60 meter langt. På biletet kan du sjå restane etter veggar ytterst og restar etter stolper og etter eldstad inne. Kanskje var dette ein Gildehall der stormenn og høvdingar møttast.

Huset var bebudde kring 100 år etter Kristus og fram til kring 5-600 år etter Kristus. Den tida vert kalla romertid og folkevandringstid. Samstundes med den store hallen stod det også 3 eller 4 andre hus på same tunet.