Gamle gardshus på AureDei gamle husa på Blinkentomta Det er funne restar etter mange hus på Blinkentomta. Tilsaman reknar arkeologane med at det her fanst restar etter mellom 10 og 15 hus. Husa her var mellom 8 og 15 meter lange. Dei var altså mykje mindre enn gildehallen. Stolpehola var også mindre. Det er jo naturleg når husa i seg sjølve var mindre. Gildehallen hadde rette veggar og rette hjørner. Husa på Blinkentomta bua svakt innover i hjørna. På bileta kan du tydeleg sjå at veggane er litt bua i endane. Du kan også sjå at stolpehola er nokså små. Ofte står stolpane parvis to og to inne i slike hus. Men det er ikkje sikkert at det var tilfelle i alle desse husa. Det finst restar etter minst ein eldstad i slike langhus. To av husa går attende til bronsealderen medan tre av dei går attende til børjinga av jernalderen. Her ser du hus frå bronse- og jernalder. Vil du vite korleis dei såg ut?
|