Gamle gardshus på AureKvar ligg Aure? På ein plass som heiter Auremarka i tettstaden Sykkylven finst det restar etter folk og gardar langt attende i tid. Nokre av funna her går attende til 800 år før Kristus! Dei er nestan 3000 år gamle! Aure ligg like ved Sykkylvsfjorden som er ein arm av Storfjorden. Det hadde lenge vore kjent at det fanst spor frå gamal tid her inne. Då dei så tok til med planar om å bygge helsesenter her inne, vart det viktig å granske områda først på leiting etter spor frå fortida. Fylkesarkeologen som granska funne på Aure har skrive bok om funna. Her kan du lese meir om den!
|