Kulturminne på MøksterEin flintdolk frå eldre bronsealder I ei vegskjæring på Hestamarken på bruk 8 på Møkster vart det funne ein vakker dolk av grå flint. Det var Karten Møgster som fann dolken og han og søstera gav han til Bergen Museum. Dolk av grå flint er 14,3 cm lång og 4 cm brei over eggen. Dolken stammar frå eldre bronsealder kring 1500 før Kristus. Oftast finn ein slike dolkar i område der ein på den tida dyrka jorda og levde som bønder. Difor er dette eit svært spanande funn å gjere på Austevoll. Funnet har fått museumsnummer B13848.
|