Mange funn på ei lita øy!
"Borgeledhaugen"
"Resurdæ"

Røysene på Skattneset

- Per Fett skriv om røysene

Matkniven i Karidalen

Den gamle åkeren
"Mystrs kirkja"
Ein flintdolk frå eldre bronsealder

Lesestoff
Legg til data i Miljølæres kulturbase

 

austevoll

Kulturminne på Møkster

Matkniven i Karidalen

På Bergen Museum finst det ein matkniv som er laga av lys grå flint. Kniven stammar frå slutten av yngre steinalderen eller tidleg i bronsealderen. Kniven vart funnen i Karidalen på Møkster.


Kniv frå Torvestad på Jæren.

Kniven liknar på denne, men han har mykje slankare spiss. Stykket er grovt tilhoggen, med retusj rundt alle konturar og sliping på begge sider. Eggane løper i ein svak bue. Skaftenden er tverrskåren.

Kniven er kring 18,6 cm lang. Han er knekt i to, men han har vorte limt saman att. Den låg 1,40 m nede i jorda og kring 250 m frå sjøen. Kniven kom inn til museet i 1928. Han vart gitt i gåve til museet frå Knut Apsalonsen Møgster.

Matkniven har fått museumsnummer B9596.