Kulturminne på Møkster"Mystrs kirkja" - beretningar om ei gamal kyrkje På Møkster har det vore kyrkje i fleire hundre år. I Vibe`s ”Noregs Land og Folk” vert det fortalt at i Magnus Lagabøte si tid heitte sokna "Mystrar sokn". Øystein, bror til Sigurd Jorsalfar, ”bygde ein varde ved innsiglinga til Bjørgvinleia i nærleiken av Myster” (visst på Marsteinen). Mystrs kirkja er nemnd i Bjørgynjar Kalfskinn i 1360. Kyrkja var då bispegods. Det finst brev skrive av ein katolsk biskop og han har datert brevet frå Møkster. Likeeins er Mystr nemnd i eit brev i ”Diplomatarium”. Her kan du lese meir om Mystrs kirkja. Sida er laga av Janfrid Strømme frå Møkster.
|