Mange funn på ei lita øy!
"Borgeledhaugen"
"Resurdæ"

Røysene på Skattneset

- Per Fett skriv om røysene

Matkniven i Karidalen

Den gamle åkeren
"Mystrs kirkja"
Ein flintdolk frå eldre bronsealder

Lesestoff
Legg til data i Miljølæres kulturbase

 

austevoll

Kulturminne på Møkster

Røysene på Skattneset

Per Fett skriv følgjande om dei 5 gravrøysene på Skattneset:

Funnkartet nr. 3.

1-2. Røysar ytst på Skattneset,øvst på den midtre, grasgrodde toppen, med bratt fall mot sjøen i SO. Den eine ligg tett N for den andre, begge er 8 m i tvm. og ein halvmeter høge, bygde av ikkje serleg stor stein. Det er rota i begge.

3-4. Røysar ligg like V for 1-2, den eine N for den andre, 2-3 m i tvm. og noko overgrodde av gras. -Ein firkant lagd av steinar nær kanten i SV er visseleg ein nyare leikestad.

5. Røys ligg på ein lågare knaus 75 m VSV for 1-4. Ho er 5 m i tvm., bygd av noko store løftesteinar og ser nå mest ut som ein steinkrans fordi ho er utkasta i midten, men dei utkasta steinane ligg like ved. Utgraven 1970, (Svein Sundby), utan funn eller merke etter grav.