Mange funn på ei lita øy!
"Borgeledhaugen"
"Resurdæ"

Røysene på Skattneset

- Per Fett skriv om røysene

Matkniven i Karidalen

Den gamle åkeren
"Mystrs kirkja"
Ein flintdolk frå eldre bronsealder

Lesestoff
Legg til data i Miljølæres kulturbase

 

austevoll

Kulturminne på Møkster

Den gamle åkeren

I dalen som går opp frå vestre armen av Krabbevika ligg restane etter ein gamal åkeren, to rydningsrøyser og eit steingjerde bevart i dag. Desse funna viser at dei ein gång i fortida dyrka jorda her. Vi veit ikkje riktig kva tid funna er frå, men dei stammer i alle fall frå tida før mellomalderen.

Sjølve åkeren, eller det ein også kallar reita, er tilnærma firkanta og måler kring 16 m frå aust mot vest og 14 m frå nord mot sør. Flata hallar litt mot sørvest og det veks gras og einerbuskar her i dag. Nokre steinar stikk opp over markflata. Reita er omgjeven av ein delvis nedrasa steingard av store steinblokkar. Steingarden er no 1-2 m brei og opptil 0,5 m høg.

På reita ligg det to rydningsrøyser. Den eine ligg i nordre del, og ligg 2 m sør for steingarden. Ho er 3 x 2,5 m stor og 0,5 m høg. Røysa er tilvaksen med mose, gras og eine, men ein del steinar stikk i dagen.

Den andre rydningsrøysa ligg i søre kant av reita. Ho er 5 m i tverrmål, 0,5 m høg og tilvaksen med gras, mose og eine, men ein kan kjenna steinar under vegetasjonen. Steingarden går over denne rydningsrøysa.