Mange funn på ei lita øy!
"Borgeledhaugen"
"Resurdæ"

Røysene på Skattneset

- Per Fett skriv om røysene

Matkniven i Karidalen

Den gamle åkeren
"Mystrs kirkja"
Ein flintdolk frå eldre bronsealder

Lesestoff
Legg til data i Miljølæres kulturbase

 

austevoll

Kulturminne på Møkster

"Borgeledhaugen" - ei bygdeborg

"Borgen" eller "Borgeledhaugen" ligg nederst på Rustæ. Det er eit høgdedrag på vestsida av Møkster der det fell eit stup bratt mot vest. Elles er her slake fall.

Idag er det ei innhegning her der marka er dyrka, men før var her 2 meter tjukke murar. Dei var kring 1 meter høge. Bygdeborga målte 20 meter x 25 meter i ytre mål. Ho var nokså firkanta og låg orientert rett nord-sør. Inngangen til borga låg i sør. I dag skal det meste av steinen være brukt til veitebygging og i husmurar.

Per Fett skriv at det finst ein haug inne i borga. Det skal ha vore funne kol og aske i den haugen, men dette er ikkje teke vare på.

Bygdeborger kan du lese meir om her.