KVALSALEN
Grønnlandskval
 

Heim

Kva er ein kval

Evolusjon

Rudimentære bein

- bekkenets utvikling

Fødesøk

Utstillinga

Lenker

Om prosjektet

 

 

KVALANE I UTSTILLINGA


Ein spisskval frå ytre Nordfjord kjem til Bergen Museum i 1901.
(Foto: Biletsamlinga, UiB)

Du kan vitje utstillinga her >>>

Historikk

Alle kvalskjeletta som er utstilte i Dei naturhistoriske samlingane vart samla inn i ei tid då kvalfangst var i ferd med å ta seg opp som næringsveg langs Norskekysten. Mange av skjeletta kom frå lokale kvalmottak langs kysten av Hordaland på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet.

Nokre av skjeletta vart gjevne i gåve til museet, medan andre vart kjøpte inn for å komplettera samlinga. Ein del skjelett vart brukte i bytehandel med andre museum for å skaffe artar som museet i Bergen mangla.

Kvalutstillinga ved museet i Bergen er svært verdfull på grunn av det store mangfaldet av artar som er representert her. Med unntak av vågekvalen, som det framleis er litt fangst på i norske farvatn, er alle artane i dag freda. Fleire av dei har dessutan vorte svært sjeldsynte. I dag er det difor neppe mogleg å skaffa slike skjelett.

 

 

til
utstilling

 

bm.uib.no

 

Kva for ein kval er den største?

om
bekkenet
 
Delfin