KVALSALEN
Grønnlandskval
 

Heim

Kva er ein kval

Evolusjon

Rudimentære bein

- bekkenets utvikling

Fødesøk

Utstillinga

Lenker

Om prosjektet

 

 

RUDIMENTÆRE BEIN

 

Les meir om utviklinga til bekkenet her >>>

Tannkvalar og bardekvalar har fleire markerte skilnader i oppbygginga av skjelettet. I tillegg til at dei manglar tenner, har bardekvalane gjerne eit relativt stort hovud med breide, boga underkjevar. Tannkvalane sine kjevar er smalare og rette. Bardekvalane manglar brystbein. Med unntak av rettkvalane har dei fleste  berre fire fingrar i forlemene, medan tannkvalane har fem. Det er og skilnad i forma på hoftebeina.

Kvalane sine tilbakedanna baklemar
Liksom hjå andre pattedyr syner kvalfostra tidlig anlegg til baklemer, men utviklinga stoggar etter kvart som fosteret veks. Professor Gustav Guldberg som granska anatomi til kvalfoster på slutten av 1800-talet, mellom anna basert på innsamla materiale ved Bergen Museum, har skildra dette i detalj:

Ved den her givne paavisning af rudimentære baglemmer hos delfinfostre, hvor jeg fra først af forholdt mig yderst skeptisk, maa det imidlertid ansees som fastslaaet, at rudimentære baglemmer anlægges og viser sig paa hver side som et ydre aareformet vedheng i en meget tidlig udviklingsperiode og netop i den, hvor de ydre anlæg til baglemmer generelt viser sig hos de høiere virveldyr.

G. Guldberg 1894 (Christiania Videnskabs-Selskabs Forhandlinger No. 6)

Hjå vaksne individ av alle nolevande kvalartar er baklemene heilt gøymde inne i kroppen. I motsetnad til det ein finn hjå andre pattedyr er ikkje bekkenet fest til ryggrada, men ligg for seg sjølv på undersida av denne.

Sjølv om bekkenpartiet er svært lite utvikla hjå nolevande kvalartar, er det stor variasjon i utviklinga av desse beina. Nokre døme på dette kan me sjå i utstillinga ved Dei naturhistoriske samlingane.

Ei samanlikning av bekkenet hjå mennesket og kval

Menneskets to bekkenhalvdelar (øverst) er festa til korsryggen (sacrum),
slik som hjå de fleste andre andre pattedyr. Kvalane skil seg frå dette ved
at bekkenet ligg heilt atskilt frå ryggsøyla, slik som vist på teikninga av
skjelettet til ein grønlandskval (midten). Legg også merke til inndelinga av
hofta i ulike bein (nederst). Hjå grønlandskvalen er kvar bekkenhalvdel
tydelig delt inn i setebein (ischium), hoftebein (ilium) og skambein
(pubis). Bekkenet har dessutan ei tydelig leddskål (acetabulum) for feste av
lårbeinet (femur) og skinnebeinet (tibia), som begge er særlig lite
rudimentære hjå denne arten.

Figurar etter Abel 1907 og Kardong 1995: Vertebrates. Comparative anatomy,
function, evolution. WCB Communications Inc. Dubuque.

Les meir om utviklinga til bekkenet her >>>

 

til
utstilling

 

bm.uib.no

 

Kva for ein kval er den største?

om
bekkenet
 
Delfin