KVALSALEN
Grønnlandskval
 

Heim

Kva er ein kval

Evolusjon

Rudimentære bein

- bekkenets utvikling

Fødesøk

Utstillinga

Lenker

Om prosjektet

 

 

FØDESØK

 

Bardane er trekanta plater som er bygde opp av keratin, det same byggematerialet som i negler. Desse platene står tett saman i munnen og vert brukte til å sila ut byttedyr frå sjøvatnet. Dei ulike artane har mellom 200 og 400 bardar som heng ned frå kvar av dei to halvdelene i overkjeven.

Av dei 83 kvalartane som finst i verda har berre 11 bardar. Hjå grønlandskvalen kan bardane verta opp til 4 meter lange, men hjå dei fleste andre artane er dei kortare.

I naturlig tilstand er bardane nesten mjuke, og er festa i eit elastisk ”tannkjøt”. På innsida er dei oppfløste i ein hår- eller busteliknande struktur. Då bardane står svært tett, gjev desse busta ei teppeliknande overflate som gjer bardekvalane i stand til å filtrera sjøvatnet.

 

Finnkvalar fanger mat ved å sluka store mengder vatn med byttedyr.

Med hjelp av eit særleg utforma kjeveoppheng er dei i stand til å opna munnen, slik at underkjeven står nesten vinkelrett på overkjeven. Vatnet vert pressa inn under tunga, slik at denne vert omdanna til ein sekkeliknande struktur som vert pressa ned i struperegionen og dannar buksekken (cavum ventrale).

Når munnen vert attleten, vert effekten av vasstrykket borte. Alt det utstrekte vevet i struperegionen går så attende, og vatn og byttedyr vert pressa opp i munnen der det vert filtrert ut gjennom bardane. Når alt vatnet er ute, har tunga fått attende forma. Ho vert då brukt til å reinska bardane for byttedyr, slik at dei kan svelgjast.

Rettkvalane brukar ein annan teknikk. Dei manglar bardar framme i munnen, slik at det her er ein opning. Når dei sym gjennom næringsrikt vatn med open munn, vert vatnet pressa inn framme i munnen og ut gjennom munnvikene der det vert filtrert i bardane. Etter kvart som  filterflata vert dekka til med byttedyr, vert dei reinska bort med tunga og svelgde.

Tannkvalane finn byttedyra ved hjelp av ekkolokalisering. Dette skjer ved at dyra sender ut høgfrekvente lydar frå nasehola gjennom ein stor, linseforma voksklump i panna (den såkalla melonen). Lydane vert reflekterte av byttedyra og vert fanga opp i det indre øyra til kvalen via oljefylte kanalar i underkjevane.

 

 

til
utstilling

 

bm.uib.no

 

Kva for ein kval er den største?

om
bekkenet
 
Delfin