KVALSALEN
Grønnlandskval
 

Heim

Kva er ein kval

Evolusjon

Rudimentære bein

- bekkenets utvikling

Fødesøk

Utstillinga

Lenker

Om prosjektet

 

 

KVALBEKKEN

 

Bekkenpartiet hjå ulike kvalartar
Bekkenanatomien til kvalane er eit godt døme på korleis evolusjonen har omforma kroppsdelar som har mist sin funksjon etter kvart som dyra har endra levesett. Bekkenpartiet er svært lite utvikla hjå nolevande kvalartar, men det er stor variasjon i kor mykje desse beina er tilbakedanna. Bein som er utstilte ved Dei naturhistoriske samlingane vart brukte av Professor O. Abel i Wien då han i 1907 publiserte ei skildring av korleis hoftepartiet til kvalane er oppbygt.
Les artikkelen her (pdf, 39 MB) >>>

SJÅ FLEIRE VINKLAR >>>

Bekkenet er best utvikla hjå bardekvalane, særleg hjå dei såkalla rettkvalane (Familie balaenidae). Grønlandskvalen Balaena mysticetus har både setebein (ischium), hoftebein (ilium) og skambein (pubis). Dessutan har han ei tydeleg leddskål (acetabulum) for feste av det sterkt rudimentære lårbeinet (femur) og skjenebeinet (tibia). Denne arten er ikkje representert i utstillingane ved Bergen Museum, men bekkenet til den nærslekta nordkaperen Balaena glacialis syner om lag den same utviklinga. Av sjølve foten er berre restar av lårbeinet att.

Også nokre av dei andre bardekvalane, Finnkvalane (Famelie balaenopteridae), har att ein rest av lårbeinet i tillegg til sjølve bekkenet. Finnkvalen Balaenoptera physalus er døme på dette.

Eit endå meir rudimentært bekkenparti finn me hjå tannkvalane. Eit typisk døme ser me hjå spekkhoggaren Orcinus orca, der kvar halvdel av bekkenet er redusert til eit stavforma bein. Framdelen representerer det sterkt modifiserte hoftebeinet og bakdelen setebeinet, utan spor av leddskål og bakfot.

Hjå tannkvalane er Spermkvalen Physeter macrocephalus eit unntak. Denne arten har framleis alle dei tre bekkenbeina, ei leddskål og eit rudimentært lårbein.

 

til
utstilling

 

bm.uib.no

 

Kva for ein kval er den største?

om
bekkenet
 
Delfin