KVALSALEN
Grønnlandskval
 

Heim

Kva er ein kval

Evolusjon

Rudimentære bein

- bekkenets utvikling

Fødesøk

Utstillinga

Lenker

Om prosjektet

 

 

KVA ER EIN KVAL?

 

Kvalane (orden Cetacea) er ei gruppe pattedyr som har utvikla seg frå landlevande hovdyr til svært høgt spesialiserte akvatiske dyr. Typiske pattedyrtrekk som finst hjå kvalane er at dei puster med lunger, at dei er varmboldige og at hoene har mjølkekjertlar og ammar ungane sine.

I alt finst det 83 nolevande kvalartar, delte på 14 familiar. Sume artar vart tidlegare overutnytta ved fangst og er difor i dag sterkt truga. Kvalane finst i alle verdshav, og spermkvalen og spekkhoggaren har ei vidare utbreiing enn noko anna pattedyr.

Ordenen Cetacea vert delt i to underordenar, tannkvalar (Odontoceti) og bardekvalar (Mysticeti). Ein utprega skilnad på desse to underordnane er at tannkvalane har kjever med tenner, medan bardekvalane har fått utvikla bardar i overkjevane. Bardane vert brukte under fødesøket til å filtrera ut små organismar or sjøvatnet.

Dei fleste bardekvalane er ein god del større enn tannkvalane. Blåkvalen Balaenoptera musculus er størst og kan verta opp til 30 meter lang og vega heile 130 tonn. Bardekvalane har alltid eit dobbelt blåsehol (naseåpning) i motsetnad til tannkvalane som har berre eitt. Dei fleste bardekvalane (ikkje rettkvalane) har berre fire fingrar medan tannkvalane har fem.

Kvalane sym ved å slå halefinna opp og ned ved hjelp av musklar som er festa til bakre del av ryggrada. Dei tek seg altså ikkje fram ved hjelp av baklemene slik som andre sjøpattedyr til dømes sel, oter og isbjørn.

Hjå tannkvalane er næringa først og fremst fisk, medan plankton, særleg krill og andre krepsdyr er viktigaste næringa hjå bardekvalane.

 

 

til
utstilling

 

bm.uib.no

 

Kva for ein kval er den største?

om
bekkenet
 
Delfin