| BusetnadHus i eldre steinalder! På Knappskog låg det restar av to hus. Dei må ha vore 15 til 20 kvadratmeter 
        store. Då arkeologane kom til Knappskog var det ikkje mykje å sjå av dei 
        to husa. Berre nokre flate vollar der veggane hadde vore var det synlege 
        teiknet på at folk hadde budd der. Korleis veggane eller taket såg ut 
        veit vi ikkje. Utanfor vollane var det spor etter stolpar som hadde halde 
        oppe taket. Opne eldstader ga folk varme og lys, og det kunne dei laga 
        til maten sin.  |