Om å flytte og om telt
Holer og hellerar
Hus
Teltet på Knappskog
Hus i eldre steinalder
Skipshelleren
Oppgåver

Busetnad

Om å flytte og om telt

Dei første menneska som kom hit til landet flytta omkring frå stad til stad. Dei budde ikkje fast på ein stad slik som me gjer. Ei tid av året budde dei ved kysten, andre tider heldt dei til oppe på fjellet.

Dei budde i telt på denne tida. Det var ikkje naudsynt med store hus når dei skulle flytte så ofte. På den tida var det også mildt i veret, og kleda deira var av godt varmt skinn.