| Busetnad
  Teltet på Knappskog.Sotra er ei stor øy som ligg vest for Bergen. Tenk deg no attende i tid:  " I ei lita vik ligg ein kano. Litt ovanfor står eit telt. Røyken 
        som stig opp fortel at folk er heime. Kikkar vi inn gjennom teltåpningen 
        ser vi to menneske som sit ved eit bål. Den eine setter nye steinspissar 
        i pilskaftet i stadet for dei som er øydelagte. Den andre, som har ei 
        øks ved sida av seg, sit og lagar nye pilspissar av eit flintstykke. Ho 
        slår så flisene sprutar. Snart er den nye flintspissen ferdig. Slik går 
        kvelden med arbeid, prat og eting. Morgonen etter er teltet og folka borte. 
        Att ligg eit nedbrent bål, beinrestar, øksa, øydelagte pilspissar og mange 
        restar etter kveldens arbeid. " Då arkeologer kom til Knappskog 9400 år seinere, fann dei buplassen. 
        Flata var rydda for stein. Steinavfall lå slik at de kunne sjå at 
        teltduken hadde stoppa dei då dei sprutet opp under arbeidet. Men 
        ein stad gjekk det ei stripe med avfall utanfor sirkelen - der hadde teltåpningen 
        vore. Restar av kull etter bålet fann dei ikkje, men de fann flint som 
        var helt kvit og sprukken av varme fra eldstadet som var her ein gong. 
       
 |