Kvar er Vingen
Kva finn du i Vingen
Bergbileta
Når vart bergbileta laga og brukte
Kva vart bergbileta brukte til
Landskapet i Vingen
Funn i undergrunnen
Lause kulturminne
Tufter
Rydningsrøyser
Historia om korleis funna vart oppdaga
Forsking i Vingen i dag

Nye bergbilete
Berggrunnen
Forureining og skader
Forebygging av skader
Beskytt ristningane!
Kontaktpersonar
Lesestoff
Legg til data i Miljølæres kulturbase

 

bremanger

Kulturminna i Vingen

Forsking i Vingen i dag

Forureining og skader
Allereie i 1920 såg Johs. Bøe at fleire av ristningane var i svært dårleg stand. Han skreiv fleire plasser at figurane var forvitra eller skadde på grunn av avskaling. Han skreiv også at dei ofte var dekka av lysegrøn lav.

Egil Bakka som registrerte ristningar på 1960 og -70 talet såg også at dei ofte var sterkt forvitra og at dei skalla av bergflata. Fleire ristningar var berre fragmentarisk bevart.

Mellom 1976 og 1980 gjekk det føre seg ein nasjonal registrering av tilstanden til bergkunsten i Noreg. Då fann ein at tilstanden for bileta i Vingen var alarmerande.

Det finst tre årsaker til at bergkunsten vitrar:
1. kjemisk vitring
2. fysisk vitring
3. biologisk vitring

Men det finst og ein fjerde årsak til at bergkunsten ver øydelagt. Vi mennesker øydelegg sjølve bergbileta i Vingen.Korleis gjer vi det?

Det farlegaste for bergbileta er
1. herjing med spraymaling, tusj og riping over bergbileta
2. når turistar og besøkande går over flatene
3. når brann herjar

Alt dette har skjedd i Vingen. Du er vel samd med meg i at det ikkje er rett å øydeleggje noko som har fått lege i fred i 7000 år! Folket i Bremanger kan vere stolte av å ha så verdifulle kulturminne i sin kommune. Folk i heile verda syns det er fantastisk å lære meir om denne kunsten. Turistar som kjem til oss veit at dette er uerstattelege verdiar som me må vere svært varsame med. Skuleborn lærer om folka og samfunnet som laga desse fantastiske formene. Ingen ønskjer at dei skal forsvinne for all framtid. Det er du og eg som skal sikre at det ikkje skjer!