Kulturminna i Vingen
Landskapet kring Vingepollen
Fjordarmen Vingepollen er kring 1 kilometer lang og 200 meter brei. På
nordsida av fjorden står Tussurfjellet som ein mørk og blankskurt
vegg som stig 600 meter rett opp av sjøen. Fjellet endar i vest
i eit lågare parti som vert kalla Vingeneset. I eit bratt juv innerst
i pollen kjem elva frå Vingevatnet ned.
Kulturlandskapet her inne er variert. Her finn du kyst, fjord, dal- og
slette, og fjellandskap. Det beitar nokre sauer her inne, men det er færre
dyr her no og lite jordbruksaktivitet. Det gjer at landskapet gradvis
veks att. Du finn busker av lyng, einer og rose, og blomar som bekkeblom
og myrfiol.

|