Kvar er Vingen
Kva finn du i Vingen
Bergbileta
Når vart bergbileta laga og brukte
Kva vart bergbileta brukte til
Landskapet i Vingen
Funn i undergrunnen
Lause kulturminne
Tufter
Rydningsrøyser
Historia om korleis funna vart oppdaga
Forsking i Vingen i dag

Nye bergbilete
Berggrunnen
Forureining og skader
Forebygging av skader
Beskytt ristningane!
Kontaktpersonar
Lesestoff
Legg til data i Miljølæres kulturbase

 

bremanger

Kulturminna i Vingen

Kva finn du i Vingen

I Vingen finn du den største bergkunstlokaliteten i Sør-Noreg med over to tusen bergbilete hogne på svaberg eller på lause steinar.

Området som vert kalla "Vingen ristningsområde" femner om den smale landbremmen langs sørsida av fjorden, Hola innerst i Vingepollen, Vingeneset ved utløpet av pollen på nordsida, garden Vingelven, Fura og Hennøyna lengre vest i Frøysjøen.

På nordsida finst det ristningar på Vingeneset. På sørsida av fjorden finst det mange felt med ristningar.