Kvar er Vingen
Kva finn du i Vingen
Bergbileta
Når vart bergbileta laga og brukte
Kva vart bergbileta brukte til
Landskapet i Vingen
Funn i undergrunnen
Lause kulturminne
Tufter
Rydningsrøyser
Historia om korleis funna vart oppdaga
Forsking i Vingen i dag

Nye bergbilete
Berggrunnen
Forureining og skader
Forebygging av skader
Beskytt ristningane!
Kontaktpersonar
Lesestoff
Legg til data i Miljølæres kulturbase

 

bremanger

Kulturminna i Vingen

Når vart bergbileta laga og brukte ?

Bergbileta i Vingen er av ein type som vert kalla veideristningar. Desse kan gå så langt attende som til eldre steinalder for kring 6000 år sidan, men det vanlege er å datere dei til yngre steinalder for kring 4000 år sidan.

Det finst to hovedtypar bergbilete i Noreg. Den eldste typen vert kalla veideristningar medan den yngre typen vert kalla jordbruksristningar.

På veideristningar finn du ofte bilete av ville dyr som ser svært naturlege ut. Det finst bilete av bjørnar, elg, hjort, reinsdyr, fiskar, kval og andre dyr. Du finn også bilete av menneske og båtar.

På jordbruksristningar finn du bilete av okser, vogner og figurar som fotspor, handavtrykk, sirklar og spiralar og andre figurar som ikkje er så lett å sjå kva er.