Kulturminna i VingenHistoria om korleis funna vart oppdaga I påsken 1910 var overrettssaksfører Kristian Bing frå Bergen på klatretur i Bremanger. Han skulle klatre i fjellet Hornelen på sørsida av Bremangerlandet. Medan han var her, fekk han høyre at ein fiskar hadde sett nokre bilete av dyr i berget inne i Vingen. Bing av ein interessert amatørakeolog. Han drog inn til Vingen. Han fann mange risstningar og kunne slå fast at dette var ein ny og viktig helleristningslokalitet. Kristian Bing registrerte omkring 60 figurar i Vingen i 1910. I dei følgjande åra vart stadig fleire figurar oppdaga. Den svenske arkeologen Gustav Hallstrøm frå Stockholm registrerte bilete her inne både i 1913 og i 1917. Så i 1920 starta arkeologen Johs. Bøe som var professor i Bergen arbeidet med å dokumentera alle ristningane. Då var det kjent omkring 800 ristningar i området. I løpet av 1960 og -70 talet vart det oppdaga nye figurar av dei som budde i området. I 1993 vart det starta ein nytt registreringsprogam for å dokumentera ristningane i Vingen. Det skulle då arbeidast med nyregistreringar, registrering av kjente ristningar og dokumentering av skader. Dette arbeidet går framleis føre seg. Det er i dag kjent kring 2000 ristningar. Dette arbeidet vert utført av ei forskargruppe frå Universitetet i Bergen der mange fag samarbeider for å oppnå dei beste resultata.
|