Kvar ligg Skatestraumen?
Ein rik tidevasstraum
151 buplassar kring straumen!
Gjenstandar til arbeid og fest
Det viktige trekolet
Fangst- og jaktfolket ved straumen
Knappar av rav - ei grav?
Ein fugl av kleber
Hus hytter og telt
Kan kulturminna besøkjast?
Kontaktpersonar
Lesestoff
Legg til data i Miljølæres kulturbase

 

bremanger

Funna i Skatestraumen

Knappar av rav - ei grav?

40 små, runde mørkeraude knappar av rav med hol på baksida vart funnen her. Dei var berre mellom ein og tre centimeter i diameter. Knappane låg spreidde ut over eit lite område. Dei låg alle med "rettsida" opp då dei vart funnen.

Knappane stammer truleg frå slutten av yngre steinalder mellom 1800 og 1500 før Kristus. Dei var komen langveg ifrå; heilt frå Baltikum eller kanskje frå Sentral-Europa. Verdien av ratet var enormt på den tida. Desse 40 knappane her vore ein stor skatt!


slik ser undersida og holet i knappane ut

(teikninga er laga av Ragnar Løken Børsheim for ARKEO)

Arkeologane trur at desse 40 knappane er alt som er att av det som ein gong var ei grav. Nokre store steinar som ligg tett ved der knappane vart funne var kanskje eingong også del av grava.

Arkeologane trur at personen som låg i grava bar knappane anten i eit perleband eller sydd på drakta si som dekorasjon.

Men kva trur du hende for 3500 år sidan?