Funna i SkatestraumenEin fugl av kleber Denne vesle fuglen er skåren ut av kleberstein; ein mjuk bergart som ein kan skjære i med kniv. Fuglen er berre 4,5 cm lang. På overflata er han nokså blank og fin. Den som har eigt han har nok hatt han lenge i lomma eller ein skinnpung sidan han har vorte så blankslipt. Fuglen stammer frå tida kring 5300 før notid. Det vil seie på overgongen mellom eldre og yngre steinalder. Kva dei kan ha brukt denne figuren til veit vi ikkje. Men nokre av figurane på bergbileta i Vingen liknar på denne fuglen. Kanskje er dette også eit bilete på eit totemdyr eller ein gjenstand dei nytta til jaktmagi?
|