Funna i SkatestraumenEin rik tidevasstraum Skatestraumen er ein sterk tidevasstraum. Kvar gong tidevatnet snur fossar vatnet igjennom straumen og har med seg masse næring for fiskar og anna liv i sjøen. Og der det er mat likar fisken seg, og der fisken er dreg fiskaren også. Til alle tider har folket langs Vestlandskysten levd av fiske. Dei kjende til at fisken samla seg ved slike straumar. Difor er det at arkeologane finn så monge spor etter gamal busetnad slike plasser. Då planane om vegsamband til Bremanger låg føre tenkte arkeologane straks at her måtte det finnast gamal busetnad. Skatestraumen ligg også svært nærme det store helleristningsfeltet i Vingen. Dette gjorde at det vart gjort grundige registreringar.
|