Kvar ligg Skatestraumen?
Ein rik tidevasstraum
151 buplassar kring straumen!
Gjenstandar til arbeid og fest
Det viktige trekolet
Fangst- og jaktfolket ved straumen
Knappar av rav - ei grav?
Ein fugl av kleber
Hus hytter og telt
Kan kulturminna besøkjast?
Kontaktpersonar
Lesestoff
Legg til data i Miljølæres kulturbase

 

bremanger

Funna i Skatestraumen

Fangst- og jaktfolket ved straumen

Buplassane her ute syner at dette var tilhaldsstaden for 10-15 peronar av gongen. Dette var nok ei familiegruppe. Dei haldt seg her over lengre tid både i eldre og i yngre steinalder. Dei levde av jakt og fangst, og den aller viktigaste føda deira kom frå havet.

Det vart funne ei mengd brende bein på buplassen som vert kalla Havnen lok. 17. Desse beina er restar etter måltid, og fortel kva folk har ete. Dei hadde både pattedyr, fisk og fugl på menyen sin. Mellom fuglebeina fann arkeologane lomvi og teist. Mellom fiskebeina fann dei torsk, sei og lyr. Det vart og jakta på villsvin og hjort her ved straumen.

Ingen av dei beina som vart funne var frå menneske. Det vart heller ikkje funne sikre graver frå steinalderen her ved Skatestraumen. Så framleis er det eit lite mysterium kvar dei gjorde av dei daude. Men kanskje var ravknappane restar etter ei grav?