Funna i SkatestraumenGravlegginga for 3500 år sidan Vi kan prøve å forestille oss kva som hende i Skatestraumen ein gong for over 3500 år sidan. Det fjerne opphavet til knappane tyder på at det var eit heil spesielt utstyr som berre ein heil spesiell person fekk. Kanskje var det slik at dette mennesket somna stille inn. Eller kankje døydde det under tragiske omstende? Kanskje var dette ein religiøs leiar eller også eit menneske med heilt spesielle evner? Vi kan tenkje oss korleis dei etterletne førebudde den siste reisa for sin kjære. Personen vart stelt og kledd i riktige klede og halsbanda vart lagt omkring halsen. Personen vart så ført igjennom sitt siste rituale. Kanskje var det sang og dans som måtte utførast, eller kanskje var ofringar det viktigaste? I ly av mørkret vart personen så lagt i grava si. Deretter vart jord lagt ikring den livlause kroppen. Til sist vart steinar varsamt lagt over som den endelege gravmarkeringa. Her ser du ei teikning av kvar knappane vart funnen! Kanskje er dette ei teikning av ei øydelagt grav?
|