Kyrkja
Restar frå katolsk mellomalder
- Olavs- og Mariaklokka
- svalgangsbjelken
- runeinnskrifter
- bumerke

Kyrkjeinteriøret fra protestantisk tid
- inventardelar
- veggmåleria

Olavskjelda utanfor kyrkja
Kontaktpersonar
Lesestoff
Legg til data i Miljølæres kulturbase

 

bømlo

Mellomalderkyrkja på Moster

Inventardelar frå protestantisk tid

Det vert sett inn nytt inventaret i kyrkja på 1600-talet. I 1637 vart det sett inn ein ny preikestol med ein vakker himling over. Preikestolen var høg slik at presten kunne nå fram til alle med preika.

Kyrkja fekk og ei ny altertavle, benkar vart sett inn på kvar side av midtgangen i skipet og ein døypefont vart sett inn.

Døypefonten som står i kyrkja i dag vart gitt til kyrkja i gåve i 1722 fra den danske ostindiafareren "Anna Sophia". Skipet hadde vore i havsnaud i seks veker og lova rika gåver til kyrkja på den staden dei fann land. Då dei vart redda i land gav dei det stor sølvfatet i gåve til kyrkja. Dette fatete står no i Moster nye kyrkje. Sjølve foten av døypefonten er forma som ein engel som ber fatet med vengjene sine.